Velkommen til Skrautvål Montessoriskule!

logo

1-1

 

Fridom og orden i eit nøye tilrettelagte læringsmiljø, der elevane lærer å vise gjensidig respekt og ansvar for det som er kring dei!

 

Med fridom i Montessoriskulene inneber det ikkje fridom frå noko, men fridom til noko: arbeid, utvikling og vekst. I skulen får barna fridom til å handle innan klare grenser i eit nøye tilrettelagt miljø. Fridom til å velga arbeidsoppgaver og rett materiell, kven dei vil samarbeid med eller høve til å jobba uforstyrra i si eiga takt, er nokre av dei viktigaste forutsetningane i montessorimetoden.

Skulen ligg ca. 6 km frå Fagernes og vi har elevar frå Aurdal, Skrautvål, Heggenes, Leira og Fagernes. Vi held til i same bygningen som Skrautvål barnehage. Vi har eit fint uteområde, med god plass. Onsdagar er ”det utvida klasserom”, då brukar vi mykje av dagane ute med tverrfagleg arbeid.

Kvar dag et alle elevar og vaksne lunsj saman i matsalen. Matpengar er 275,- i månaden, dette inkluderar mat, frukt og mjølk. Det er varm mat tre gonger i veka, og brødmat med yoghurt to dagar. 

Vi er ein heildagsskule med aldersblanda klassar, Alfa (1.-3.trinn) og Omega (4.-7.trinn). Skulen har god nok økonomi som nyttas til montessorimateriell, skulebøker, tilbod om gratis leirskule og gratis PC-er til alle elevane som startar i 5.trinn. Barna lærer å bruke PC, nettbrett og smartboard som eit naturleg og nyttig verktøy. Skulen har nynorsk som skriftspråk, men enkelte elevar kan likevel ha bokmål. 5. – 7. trinn gir ut «SMS-nytt» ein gong i året, skrive på både bokmål og nynorsk! 

Er du nysgjerrig på pedagogikken og skulen er du velkomen til å kome på besøk. Du kan ringe og avtale tid for besøksdag eller berre kome innom.

Vi arbeider målretta mot at det enkelte barn skal oppleva: tryggheit, harmoni og meistring!

Sjå for meir info på Facebooksida vår: Skrautvål Montessoriskule.

Lyst til å vite meir om kva ein montessoriskule er? Kom og ta ein titt 🙂

WP_20160107_08_50_22_Pro