Historie

Skuleanlegg og nærmiljø Skrautvål Montessoriskule

SAM_2406

Allereie i 1886 vart det bygd skulehus på tomta der nåverande Skrautvål skule ligg. Det skulehuset vart reve i 1968 då Døvre skulekrins og Ranheim skulekrins vart slått saman med Kyrkjekrinsen til ein stor skulekrins. I 1991 vart Skrautvål skule utvida, samstundes vart det bygd grendehus og barnehage som ein del av skulebygningen. Grendehusdelen omfattar gymsal med garderobar og møterom. For to år sidan vart gamle Døvre skulehus flytta til området ved Skrautvål skule på dugnad. Det gamle skulehuset er i dag ein ressurs for skulen og gir borna høve
til å oppleva korleis ein skule var den gongen då oldemor var skuleelev.

Rett ved skulen ligg ein idrettsbane og ein ballbinge. Skulen har eit framifrå uteanlegg med m.a. skileikanlegg og lavoar. Store jorde i nærleiken er tilgjengelege for skulen gjennom heile vinteren og det er kort veg (2 km) til flotte skiløyper. Litt lenger inne på åsen ligg gapahukane til skulen som også vert nytta aktivt i undervisninga.

14572874_1628319490798461_2185711106564865148_n

Skrautvål Montessoriskule leiger skulebygningen av Nord- Aurdal kommune. Den fine bygningen og dei flotte uteområda er med på å skape ein god og trygg montessoriskule for elevane. Skulen ligg ca. 6 km frå kommunesenteret Fagernes.

Nærmiljøet er avhengig av ein lokal skule for å gje borna eit nært skulemiljø og ha ei god aldersspreiing hjå innbyggjarane. Møteplassane våre er viktige for nye og gamle skrautvålsbygdingar for at dei skal kjenne at dei høyrer saman, og jobbar saman, for eit levande og sosialt bygdesamfunn. Skrautvålsbygda er eit lokalsamfunn med store moglegheiter for vekst. Dei siste åra har fleire familiar med born flytt til bygda. Samhaldet er stort, i Skrautvål blir alle tekne vare på i sorg og i glede.

Skrautvål Idrettslag er et aktivt lag med aktivitetar som m.a. langrenn, skiskyting og fotball. På skulen feirar heile bygda 17. mai og juletrefest. Når skulen og grendehuset vart utbygd i 1991 sto lag og organisasjonar i bygda, saman med alle bygdas små og store innbyggjarar, for ein stor dugnadsinnsats, verdsett til ca 4 millionar kroner.

Skrautvål har lange historiske røter. Det har vore kyrkje heilt frå mellomalderen. Den noverande kyrkja vart innvigd i 1785, men hadde då alt vore i bruk ei tid. Det har vore viktige gjennomgangsvegar, den eine var hovudvegen mellom Aust og Vestlandet, kall Bergenske hovudveg. Den andre vegen førde oppover til Øystre Slidre.

Skrautvål har mange aktive gardbruk med dyr som skulen har samarbeide med

Vi ynskjer å gje borna våre kunnskapar om fortida og kjennskap til sitt eige nærmiljø. Naturen og uteområdet gjer det mogleg å bruke ulike læringsmetodar.