Handlingsplanar

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Skrautvål Montessoriskule
Godkjent av styret 15.09. 2015
Skulens hovudmålsetjing

Skrautvål Montessoriskule har som mål at skulen skal vere 100 % mobbefri. Skrautvål Montessoriskule sin handlingsplan er tufta på tiltak som skal vere førebyggande og virke målretta mot mobbing slik at alle elevar på skulen opplever eit trygt læringsmiljø som er prega av respekt, inkludering, positivitet og varme.

Opplæringslova § 9a-1

Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen skal med førebyggande tiltak hindre at elevar blir utsett for mobbing.
 Skulens rutinar skal avdekke dersom mobbing forgår.
 Skulen skal følgje opp mobbar og mobbeoffer heilt til mobbinga opphøyrer heilt.
 Skulen sine rutinar skal sikre ein god dokumentasjon og best mogleg samarbeid med føresette.

Definisjon av mobbing
Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vold retta mot eit offer, utført av enkeltpersonar eller i grupper.

Mobbing går ut frå eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar, og at episodane blir gjenteke over tid.

(Roland og Vaaland 2003)

Eksempel på kva mobbing kan vere:
Eleven blir fleire gonger (systematisk) erta, kalla stygge ting, får nedsettande kallenamn, blir håna, audmjuka, latterleggjort, skremt, nedverdiga, trua, kommandert, hersa med, undertrykt eller liknande.

 Eleven blir ledd av på ein uvenleg og spottande måte.
 Eleven blir på ein medviten måte utstengt frå fellesskapet.
 Kommentarar på sosiale media og Internett.

Eksempel på skjult mobbing:

 Det sendast augekast, lagas grimasar og /eller gestar.
 Baksnakking
 Manipulasjon gjennom vener.
 Utestenging frå fellesskapet.
 Eleven får ingen invitasjon til å vere med i leik/aktivitetar.
 Ingen snakkar med eleven som blir oversett på ein systematisk måte.
Moglege teikn på at ein elev blir mobba:

Kjem heim med øydelagde eller sundrivne klede, øydelagde bøker, sekk eller anna utstyr.

 Tek ikkje med seg vener heim og er sjeldan heime hjå skulekameratar.
 Har blåmerke, skader, skrammer og kutt utan nokon truverdig forklaring på kvifor dei er oppstått.
 Eleven isolerer seg.
 Prestasjonane på skulen går ned.
 Viser motvilje for å gå på skulen, og verkar redd.
 Har mykje vondt i magen, dårleg appetitt og hovudverk.
 Har eit negativt sjølvbilete, er ulukkeleg og mykje trist.
 Eleven byrjar sjølv å plage andre.

Teikna kan ha heilt andre årsakar enn mobbing, men ver obs. viss du ser fleire av desse endringane hjå ditt barn/elev.

Kjelde: Mobbing, Håndbok for foreldre av Erling Roland (professor ved senter for atferdsforskning)

Førebyggjande arbeid

Tiltak mot mobbing på klassenivå Tidspunkt Ansvar
Alfa og Omega gruppa har fast på timeplanen «Manifest mot mobbing». Haust Lærarane på trinna.
Foreldremøte Før haustferien FAU, rektor og kontaktlærar
God skulestart Veke 34- 39 Alle tilsette og helsesøster
Ta opp «trivsel for alle» i samlingsstundene om morgonen. Jamleg Kontaktlærar

Tiltak mot mobbing på skulenivå Tidspunkt Ansvar
«Skulestart»

Personalmøte med alle tilsette.
Foreldremøte- alle tilsette og foreldre 1. og 2. skuleveke

August

September Lærarane og assistentane

Rektor

Rektor
Rutinar ved inspeksjon gjennomgåast. Dei kan reviderast seinare i skuleåret ved behov.
Det skal leggast stor vekt på synlege og aktive vaksne (gul vest og vaksne som «sirkulerer»)
Minst to ute på inspeksjon. Ved skulestart Rektor
Skulen handlingsplan mot mobbing skal gjennomgåast for elevar og tilsette.
Planen oppdaterast ved behov. Ved skulestart- 1. september Rektor
Arbeid med elevmiljø og repetisjon av handlingsplan mot mobbing, er fast punkt på foreldremøte. Foreldremøte- haust Rektor/kontaktlærarane
Repetere/gå gjennom ordensreglane og sende dei heim.
Gruppene lagar sine klassereglar.
Elevrådet set opp reglar for god åtferd inne og ute i skulegarden.
Skulestart
Skulestart

Skulestart Rektor og kontaktlærarane
Kontaktlærarane

Rektor/elevråd
Viktige funn i elevundersøkinga knytt til mobbing gåast gjennom i personalet, elevrådet, FAU og i styret. Når resultatet er klart Rektor
Handlingsplan for betre skulemiljø med trivselsfremmande aktivitetar. Før haustferien Rektor/FAU/styret

Tiltak mot mobbing på individnivå Tidspunkt Ansvar
Helsesøster kontaktas Ved behov Rektor/kontaktlærar
Elevsamtaler og utviklingssamtaler- 1 time pr. veke til dette arbeidet til kontaktlærarane

Alle elevar får minst fire planlagde, individuelle samtaler med kontaktlærar pr. år.

På elevsamtalene og utviklingssamtalene skal trivsel, tryggheit og elevmiljø vere fast tema. Jamleg
Haust/før jul/ etter jul/ vår Kontaktlærarane
Kontaktlærarane
Samtale med enkeltelevar ved mistanke om konflikt Ved fyrste mistanke Kontaktlærar og/eller rektor
Føresette som trur at deira barn blir mobba:
Får du som foreldre mistanke om at ditt barn blir mobba, ta ei samtale med barne så raskt som råd. Ikkje sjeldan i mobbesaker er barn ofre for truslar og press og dei ønskjer tilsynelatande ikkje at foreldre og skulen skal involverast i saka. Dei kan frykte represaliar frå den eller dei som mobbar. Skulen anbefaler at foreldre fyrst tek kontakt med kontaktlærar. Kontaktlærar vil i samråd med foreldra varsle leiinga ved skulen. Når foreldre melder ei mobbesak til skulen, har dei rett til å få greie på kva for tiltak skulen vil setje i gang for å få endra situasjonen til barnet. Dei har og rette til å be om å få saka behandla som eit enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslovas bestemmingar jf. Opplæringslova § 9a-3.

Rutinar ved mobbing eller mistanke om mobbing

Opplæringslova §9a-3
Dersom en elev eller forelder ber om tiltak som vedkommer det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkende adferd som mobbing, diskriminering, vold eller rasisme, skal skolen snarets mulig behandle saken etter reglene om enkeltvedtak i forvaltningslova.

Undersøk
Ved mistanke om mobbing skal kontaktlærer samle inn så mykje informasjon/dokumentasjon som mogleg. Dette kan gjerast ved å snakke med:
 Den som føler seg utsett for mobbing.
 Føresette til eleven som føler seg utsett for mobbing.
 Føresette til eleven/elevane som mistenkast for mobbing.
 Medelevar
 Den eller dei som mistenkast for mobbinga.
 Andre tilsette på skulen.

Når mobbing er avdekka skal kontaktlærar i samarbeid med leinga/rektor:
 Samtale med mobbeofferet.
 Kontakte mobbeofferet sine føresette.
 Samtale med dei som mobbar.
 Snakk med ein om gongen. Mobbar får beskjed om at mobbinga skal slutte med ein gong. Dei vaksne kjem til å følgje nøye med framover.
 Foreldra til den eller dei som mobbar kontaktast med ein gong.
 Avtale samtaler for oppfølging med mobbeoffer og føresette.
 Avtale samtaler for oppfølging med mobbar og eventuelt føresette.
 Rektor skal sjå til at det utarbeidast ein tiltaksplan i samarbeid mellom heim og skule. Kopi av tiltaksplan oppbevarast av rektor.
o Føresette skal informerast om retten sin til å be om enkeltvedtak etter Opplæringslova §9a-3.
o Utdanningsetatens mal for enkeltvedtak nyttast.
 Føresette til mobbar orienterast om kva for tiltak skulen vil sette i gang med heimel i skulen sine reglar og rutinar.
 Personvernomsyn fører til at offerets føresette ikkje kan få vite kva for tiltak som settast i gang mot den/dei som mobbar. Rettigheitene til offeret handlar om å få vite kva for tiltak skulen vil sette i gang for offeret slik at det blir slutt på mobbinga.
 Når tiltak mot mobbing formelt er sett i gang, må saka og avsluttast formelt. Dette kan skje ved enkeltvedtak jf. Opplæringslova § 9a-3.

Konsekvensar for mobbar:
Konsekvensar dersom mobbinga ikkje tek slutt, vil vurderast på individuelt grunnlag. Moglege konsekvensar for mobbar kan vere:

 Den som mobbar har friminutt på andre tidspunkt enn dei andre elevane.
 Den som mobbar må vere i nærleiken av vaksen som har inspeksjon i eit bestemt tal friminutt.
 Den som mobbar misser eit privilegium eller aktivitet.
 Samtale med politiet.
 Konsekvensar i heimen etter avtale med føresette.
 Midlertidig eller permanent gruppe/klassebytte for den som mobbar.
 Heimeundervisning for den som mobbar.
 Utvisning av den som mobbari samsvar med ordensreglane.
 Skulebytte for den som mobbar.

Samarbeid med andre instansar ved mobbing:

Aktuelle samarbeidspartnarar utanfor skulen er:
 PPT
 Skulehelsetenesta
 Barnevernet
 Barne- og Ungdomspsykriatisk Poliklinikk (BUP)
 Politiet
Nettressursar:
Opplæringslova §9
Utdanningsdirektoratet
Alle har en psykisk helse